Johanna Reksten om innsatsen på Landsskyttarstemnet

–Marginane er ørsmå

Eitt fattig poeng frå kongelaget. To fattige poeng frå prinsessetittelen og to poeng frå å bli beste skyttar under 20 år.

Så nær: Det var litt småkipt å ikkje greie det når eg var så nær. Men det viser kor små marginane er i denne sporten. Seier Johanna Reksten, Nordbygda og Rand skyttarlag etter at ho vart nummer to i kampen om prinsessetittelen og nummer to i konkurransen om å bli beste skyttar under 20 år.  Foto: Magne Nesheim

Sport

Når det kjem til resultat så har Johanna Reksten gjort det beste landsskyttarstemne ei kvinne frå Nordfjord nokon gong har gjort i seniorklassen. Etter innleiande baneskyting hadde ho 245 poeng. For få innertiarar hindra henne i å ligge blant dei 15 som utgjorde kongelaget. I realiteten var det fire kvinner som kjempa om prinsessetittelen. Tre av dei hadde plass i konelaget. Ei hadde same poengsum som Johanna, ei hadde 246, og Linn Christine Vatland hadde 247. Det skulle bli mellom Vatland og Johanna kampen om dei to titlane, prinsessetittelen og beste skyttar under 20 år skulle stå.