Johanna Reksten

Nest beste kvinnelege skyttar under LS 2019

Johanna Reksten, Nordbygda og Rand skyttarlag,  vart nest beste i ungdomsklassen (under 20 år), og neste beste kvinne under baneskytinga på Landskyttarstemnet på Evje onsdag kveld.

Johanna Reksten vart nummer både i kampen om prinsessetittelen og i konkurransen om å bli beste skyttar under 20 år. Totalt vart det 9. plass for Johanna på 200-metersbanen med 345 poeng.   Foto: Magne Nesheim

Både Fredrik Taklo, Hundeide skyttarlag, Bendik Stokland, Stadlandet skyttarlag, og Stian Skeistrand, Eidsbygda skyttarlag er klare for juniorfinale på 100-metersbanen under LS 2019.   Foto: Magne Nesheim

Kristen Lotsberg skaut fullt hus på sine innleiande 30 skot på felt i klasse V73.   Foto: Magne Nesheim

Sivert Vindfjell Frøholm er klar for feltfinale i klasse Eldre rekrutt.   Foto: Magne Nesheim

Sport

Den einaste som kunne hindre Johanna i å reise heim med prinsessetittel i bagasjen var Linn Christine Vatland, etter at både Anita Jære, Rennebu skyttarlag, og Anette Thingbø Sundnes, Time skyttarlag, ikkje greidde å slå skyttaren frå Nordbygda og Rand. Alle dei tre nemnde skaut i kongelaget. Vatland låg på skive 4 i kongelaget med 247 peong. Vatland gjorde ingen feil og skaut 100 på sine ti liggande siste skot og enda på 347 poeng. To poeng føre Johanna Reksten. Med det resultatet vart det andreplass på Johanna, både i kampen om prinsessetittel og beste ungdomsskyttar. Totalt vart det ein imponerande niandeplass på Johanna under Landsskyttarstemnet på 200-metersbanen.

Klare for juniorfinale bane

Tre skyttarar er klare for juniorfinale på bane, der finalegrensa er 246 poeng etter dei første 25 skota. Desse er Fredrik Taklo, Hundeide, 347 poeng, Bendik Stokland, Stadlandet,  346 poeng, og Stian Skeistrand, Eidsbygda med  346 poeng.

V73 felt

Kristen Lotsberg, Nordbygda og Rand, skaut 30/23 på innleiande  finfelt og er med det klar for finale fredag. Også Svein Hoem, Stryn skyttarlag, er klar for finalen i felt klasse V73 med  30/12.

Eldre rekrutt felt

Sivert Vindfjell Frøholm, Utvik og Innvik skyttarlag er klar for finfeltfinalen med flott  30/18.   

Felt klasse 3-5

I klasse 3-5 er Roger Nesheim, Eidsbygda skyttarlag, klar for feltfinale med  29/16. Same resultat har Torleiv Straume jr., Hyen skyttarlag og er med det klar for feltfinalen . Vegard Taklo, Hundeide skyttarlag er også i finalen med  29/13.

Feltfinalane går fredag.