Landskyttarstemnet

Johanna Reksten skaut 100 i finalen

Under Landsskyttarstemnet på Evje har nyleg skyttarane som kjempar om å vinne ungdomsklasse skote sine siste 10 skot.

Glede i familien Reksten etter at Johanna skaut 100 poeng i finalen.   Foto: Magne Nesheim

Sport

Johanna Reksten, Nordbygda og Rand skyttarlag,  som låg på skive ein, skaut fullt hus og leiar kampen å vinne ungdomsklassen. Den einaste som kan hindre Johanna i å reise heim med ein tittel i bagasjen er Linn Christine Vatland, som legg på skive 4 i kongelaget.

345 poeng

Etter 25 skot hadde Johanna Reksten 245 poeng, eitt fattig poeng frå å kome med i kongelaget, som er dei 15 beste skyttarane på bane i Landsskyttarstemnet. I finalen skaut Johanna 100 poeng og enda på 345 poeng, som er eit strålande resultat. Nemnde Linn Christine Vatland har 247 poeng på dei første 25 skota, og må soleis ha to niarar og færre innertiarar enn Johanna, som hadde fem innertiarar.

Kongelaget skyt no, og vi kjem tilbake med dei endeleg resultat både når det gjeld Johanna si plassering totalt sett. Før kongelaget skyt ligg skyttaren frå Nordbygda og Rand på andreplass, og kan soleis ikkje bli dårlegare enn nummer 17.

Prinsesse

I kongelaget er det tre kvinner. Johanna leiar så langt kampen om Prinsessetittelen med sine 345 poeng.