Landsskyttarstemnet

Strålande skyting av Johanna Reksten

I dag er det dei store kanonane som er i sving på 200-meter banen under Landsskyttarstemnet på Evje. Så langt er det Johanna Reksten, Nordbygda og Rand skyttarlag,  som har det beste resultatet av skyttarane frå Nordfjord.

Johanna Reksten, Nordbygda og Rand skyttarlag leiar, så langt, kampen om prinsessetittelen under Landskyttarstemnet på Evje.   Foto: Magne Nesheim

Sport

I skrivande stund ligg skyttartalentet frå Lote på 6. plass med 245 poeng i klasse 3-5, eitt fattig poeng bak dei to som så langt leiar baneskytinga. Med dette resultatet ligg ho også på topp i klasse 3-5 i skytinga om prinsessetittelen. Vi gjer merksam på at det endå mange som ikkje har vore på standplass.