God start på haustsesongen

Utklassa Syril på bortebane

Laurdag vart haustsesongen i den lokale fotballen sparka i gong. Eid møtte Syril IL på bortebane, og imponerte.

God Start: Kristian Lefdal var ein svært viktig spelar for Eid i vårsesongen, sjølv om det ikkje vart så mange mål på goalgetteren. Laurdag opna han med storspel og to mål mot Syril. Biletet er frå Eid sin heimekamp mot Syril. Foto: Tormod Flatebø 

Sport

Eid starta kampen svært så bra. Etter berre ti minutt var Kristian Lefdal frampå og opna målkontoen. Berre fire minutt seinare var det Sindre Hafsås som overlista Syril sin keeper, og dobla leiinga til Eid. Sondre Søderholm tende eit håp hos heimelaget då han i det 31. minutt reduserte til 1–2. Men Sindre Hafsås let ikkje det håpet vare så lenge. I det 35. minutt auka han leiinga til Eid til 1-3, noko som også vart pauseresultatet.