Norway Cup:

Siste lag frå Eid ute

Det vart ingen kvartfinale på Heia sitt jentelag i 13-årsklassen. 8.-delsfinalen mot Sauland enda med 0-3 tap for Heia-jentene.

Det vart igjen kvartfinale på Heia Jenter 13. I 8.-delsfinalen vart det tap 1-3 for Sauland IL. Frå venstre: Mathilde Nordnes, Sigrid Berg Hjelle, Marion Remme Stoddern, Ayla Watson Heggen, Kristina Frislid, Marte Skeistrand, Kristina Hanebrekke Hildenes, Juliane Haavik og Andrine Flo Heggen.   Foto: Britt Remme

Sport

Laget spelte tidlegare i dag 16.-delsfinale mot Øvrevoll Hosle IL sitt førstelag, og vann kampen 4-0. Laget var med det klare for 8.-delsfinale mot Sauland IL, som på si side slo Øvrevoll Hosle sitt andrelag 3-2 i sin 16.-delsfianle.

I 16-delsfinalen mot Øvrevoll Hosle 1 vart både 1-0 og 2-0 scora av Julianne Haavik. 3-0 var det Andrine Flo Heggen som sette inn og spikaren i kista, 4-0, stod Mathilde Nordnes bak.

–Ikkje berre scorar vi mange mål i denne kampen. Forsvaret lukka døra fullstendig. Ein veldig god kamp av jentene, seier trenar Per Martin Haavik.

1. omgang øydela

i 8-delafinalen tok Sauland leiinga i kampen etter sju minutt. Laget auka til 2-0 etter elleve minutt. Etter 14 minutt stod det 3-0 til Sauland på dommarkortet.

–Vi fekk tre raske mot oss i første omgang og det øydela litt av kampen for oss. Men vi hadde eigenleg full kontroll på kampen i andre omgang, seier trenar Per Martin Håvik.

I andre omgang sette Julianne Haavik inn Heia sitt einaste mål i kampen eitt par minutt før dommaren blåste av for full tid. Sluttresultatet var med det 1-3.

Flott innsats

–Sjølv om vi gjerne skulle sett at vi gjekk vidare, så kan vi slå fast at det har vore flotte dagar i hovudstaden. Jentene har fått spelt mange kampar, og fått vise at dei greier seg godt i så tøffe turneringar som det Norway Cup er. Innsatsen har det heller  ikkje vore noko å seie på. Vi er eit blanda lag der halvparten av spelarane er 12 år, og den andre halvparten er 13 år. Slik sett står det respekt av det dei har fått til. Utan reservar blir vi ekstra sårbare om ein eller fleire av spelarane ikkje kan spele, men vi har greidd å halde alle friske og skadefrie så det har gått bra, seier Per Martin Haavik, trenar for laget.

Gaular IL, som slo Oppsal IF Fotball 3-2 i 16-deslfianlen, og er laget som må forsvare Sogn og Fjordane si fotballære i denne klassen etter at Heia måtte takke for seg