Norway Cup:

Heia J13 spelar 8-delsfinale

Heia IL sitt jentelag i 13-årsklassen, som spelar 9,ar fotball, er klare for 8.-finale i B-sluttspelet i Norway Cup.

Heia J13 er klare for 8.-delafinale i B-sluttspelet i Norway Cup. Frå venstre: Mathilde Nordnes, Sigrid Berg Hjelle, Marion Remme Stoddern, Ayla Watson Heggen, Kristina Frislid, Marte Skeistrand, Kristina Hanebrekke Hildenes, Juliane Haavik og Andrine Flo Heggen.   Foto: Britt Remme

Sport

Laget spelte tidlegare i dag 16.-delsfinale mot Øvrevoll Hosle IL sitt førstelag, og vann kampen 4-0. Laget er med det klare for 8.-delsfinale mot Sauland IL, som på si side slo Øvrevoll Hosle sitt andrelag 3-2 i sin 16.-delsfianle. Kampen går klokka 16.20 på Ekebergsletta. Fjordabladet vil kome tilbake med resultat frå denne kampen.

I 16-delsfinalen mot Øvrevoll Hosle 1 vart både 1-0 og 2-0 scora av Julianne Haavik. 3-0 var det Andrine Flo Heggen som sette inn og spikaren i kista, 4-0, stod Mathilde Nordnes bak.

–Ikkje berre scorar vi mange mål i denne kampen. Forsvaret lukka døra fullstendig. Ein veldig god kamp av jentene, seier trenar Per Martin Haavik som legg til at jentene er klare for ei ny dyst og at han har stor tru på at dei skal klare å ta seg til kvartfinale. Den kampen går på Ekebergsletta klokka 20.30 i kveld.

Heia J14 er ute

Som vi tidlegare har skrive spelte Heia sitt J14-lag seg fram til kvartfinale i B-sluttspelet i sin klasse, etter å ha slått Nordhordland BK 2-1. I Kvartfinale møtte 14-åringae  frå Heia IL Sogndal. Kampen einaste mål kom to minutt ut i andre omgang.

Eid sine gutelag ute

Tidlegare har både Eid sitt G14-lag og Eid sitt G16-lag takke for seg, etter å ha tapt mot høvesvis Korsvoll IL og Djerv 1919. Så no er det berre Heia sitt J14-lag som er tilbake i turneringa av lag frå Eid kommune.