Eid sitt G16-lag ute av Norway Cup

Eid sitt G16-lag tapte 16-delsfinalen i A-sluttspelet i Norway Cup 1-3 for Djerv 1919.

Norway Cup er over for Eid sitt G16-lag, etter at laget tapte 16-delsfinalen i A-sluttspelet 3-1 mot Djerv 1919. Mohammad M. Almshout (nr. to frå venstre) gjorde mål for Eid  Foto: Olin Maria Yri

Sport

Onsdag gjekk Eid sitt G16-lag vidare i A-sluttspelet etter å ha slått Hovding 2-0, og var med det resultatet klar for 16-delsfinale mot Djerv 1919 som vann si pulje i dei innleiande rundane. Det skal leggast til at torsdagen motstandar hadde walkover i 32-delsfinalen.