Eid G14:

Valsa over Vålerenga i første sluttspelkamp

–Vi hadde full kontroll på motstandar Vålerenga Fotball sitt tredjelag. Resultatet kunne like gjerne vore åtte ni null som 5-0.

Eid sitt G14-lag vann komfortabelt 5-0 over Vålerenga 05 i sin første kamp i A-sluttspelet. Bak frå venstre: Julian Ervik Hansen, Daniel Dyrstad Hildenes, David Balsnes Lefdal, Edmond Sibondagara, Tobias Indrebø, Gabriel Balsnes Lyngstad, Sondre Nor Midthjell, Yafiet Mussie og Tobias N Englund. Framme frå venstre: Andreas Haavik, Tørres Bjelland Nøstdal, Lukas Endal Andersson, Harald Kristian Holmøyvik Starheim, Tobias Berge, Marius Åsebø og Noah Taklo.   Foto: Privat

Sport

Det seier trenar Frode Taklo som var først ut i sluttspelkamp av laga frå Eid kommune.

–Kampen starta klokka 08.00. Lovleg tidleg, men gutane takla det på ein heilt framifrå måte. Som sagt så hadde vi god kontroll. Eg trur ikkje at Vålerenga hadde ein einaste sjanse i kampen.  Heile laget jobba godt. Vi har folk framme som scorar mål, ein midtbane som er svært solid og eit forsvar som motstandarane våre har store problem med å trenge gjennom, seier Taklo som får ein tøff motstandar i Korsvoll IL i den andre kampen i A-sluttspelet.

Vi er gode nok

Medan G14-laget til Eid måtte tidleg opp og spele tidleg kamp, hadde Korsvoll IF walkover i 64-delsfinalen.  Det betyr at laget som vann si pulje med fire sigrar og 21-2 i målskilnad, kunne slappe av litt lenger ut på dagen og møte til kamp på Ekebergsletta klokka 13.30.

–Korsvoll er eit godt lag, fullt på høgde og kanskje litt betre enn Kløfa som vi hadde i gruppespelet. Eg såg Korsvoll slå Avaldsnes IL 5-0 i den siste gruppespelkampen i går. Laget har to gode midtstopparar, og to veldig gode sentrale midbanespelarar. Midtbanen er nok laget sin styrke, så vi kjem til å gå ut i ein 4-5-1 formasjon i denne kampen. Slår vi Korsvoll, så kan vi vinne heile turneringa, seier Taklo.

Fem målscorarar

I 64-delsfinalen mot Vålerenga hadde Eid fem ulike målscorarar. 1-0 kom ved Yafiet Mussie, 2-0 var sett inn  av Tørres Bjelland Nøstdal, 3-0 var det Daniel Dyrstad Hildenes som ordna. 4-0 sette Tobias Berge inn og Tobias Indrebø fekk æra av å sette inn  Eid sitt femte og siste mål i kampen.

Fleire kampar

Eid sitt G16 lag spelar sin første kamp i A-sluttspelet mot Hovding no klokka 10.15. Deretter er det Heia J13 som spalar mor Øvrevoll Holse i B-sluttspel klokka 11.20. Heia J14 spelar B-sluttspelkamp mot Oppegård kl. 15.45. Vi kjem sjølvsagt tilbake til desse kampane etter kvart som dei blir spelt.