Eid G16 vidare i sluttspelet:

Fire kampar - utan tap

–I dag hadde vi ingen god kamp reint spelemessig, men resultatet er vi strålande nøgde med. Det seier Lars Olav Holmøyvik etter at Eid sitt G16-lag vann første kamp i A-sluttspelet i Norway-Cup.

Jubel: Eid sitt G16-lag kunne sleppe jubelen laus etter at laget vann 2-0 over Hovding IL i den første kampen i A-sluttspelet i Norway-Cup.   Foto: Olin Maria Yri

Mohammed M. Almshout (på kne) jublar etter at han sette inn sitt andre mål for dagen i kampen mot Hovding.   Foto: Lin Maria Yri

Framme frå venstre: Emilian Henden, Oliver Holmøyvik, Johan Felde, Oliver Oppedal, Filip Høstland, August Lund, Sondre Leite og Jan Rand. Andre rekkje frå venstre: Patrick Isene, Mohammed Almshout, Kevin Sørland, Eirik Midthjell, Ingebrigt Hjelle, Jon Kristian Rafshol og Jon Ivar Møll. Tredje rekke: Jan Ove Møll, Rune Midthjell, Ole Petter Henden og Lars Olav Holmøyvik.   Foto: Privat

Sport

–Trass i at vi vinn  2-0 mot Hovding Il, så spelte vi nok vår dårlegaste kamp så langt i turneringa. Men når det er sagt så må eg legge til at vi endå ikkje har tapt ein einaste av våre fire kampar. Det er eigentleg veldig bra når vi har åtte 15-åringar, fek 16-åringar og to 17-åringar på laget. I kampen mot Hovding i 64-delsfinalen scora Mohammed M. Almshout begge måla våre. Det første kom i slutten av 1. omgang. Det siste like før slutt i 2. omgang, seier Lars Olav.

Tøff motstandar

I 32-delsfinalen møter Eid sitt 16-årslag Djerv 1919, som vann si pulje etter å ha vunne to kampar, og spelt uavgjort mot Vålerenga sitt G16-lag. Djerv 1919 hadde walkover, og gjekk direkte til 32-delsfinale.

–Eg ser at Djerv 1919 vann sin siste kamp i gruppespelet 6-0 mot Raufoss IL. Det blir nok ein tøff motstandar vi møter klokka 09.15 torsdag morgon. For oss handlar det no om å nullstille oss, og jobbe vidare fram mot kampen i 32-delsfinalen. Både lagleiinga og ikkje minst spelarane er strålande nøgde med det vi har gjort så langt i turneringa, seier Holmøyvik til Fjordabladet rett etter at dommaren blåste av den første sluttspelkampen.