Heia Jenter 14 vidare

Drama til siste slutt

Med avgjerande scoring av Renate Barvår Leivdal i andre omgang på Golden Goal gjekk Heia sitt jentelag i 14-årsklassen vidare til 8-delsfinale i B-sluttspelet i Norway-Cup.

Heia IL sitt jentelag i 14-årsklassen fekk sin første siger når det talde som mest. Onsdag ettermiddag slo dei Oppegård IL på Golden Goal, og er med det klare for 8-delsfinale i B-sluttspelet i Norway Cup.   Foto: Olin Maria Yri

Sport

I ettermiddag spelte Heia sitt Jenter14-lag 16-delsfinale i B-sluttspelt i Norway-Cup. Motstandar var Oppegård IL, som vart nummer tre i si pulje etter dei innleiande gruppespelkampane.