Heia sitt J13-lag

Vann siste kampen

Heia sitt jentelag i 13-årsklassen vann den siste kampen i gruppespelet i Norway Cup og vart med det nummer tre i si pulje.

Heia sitt jentelag i 13-årsklassen vann den siste kampen i gruppespelet i Norway Cup og vart med det nummer tre i si pulje.   Foto: Privat

Kreditering: Privat

Sport

Tysdag ettermiddag møtte laget frå Hjelle Oppsal IF Fotball. Begge lag hadde før denne kampen tapt sine to første kampar. I første kamp tapte Heia med eitt mål, 1-2 for Tjørvåg IL. I denne kampen scora Andrine Flo Heggen Heia sitt mål. I den kampen i gruppe spelet vart det 1-3 tap for Frisk Asker IF, som ligg som nummer ein med fleire scora må enn Tjørvåg på andreplass. I den siste kampen i gruppespelet kom den første sigeren for laget i Norway Cup.

Med tredjeplass i gruppa betyr det at laget skal møte nummer fire i gruppa der Gaular sitt jente-13 kan gå vidare til A-sluttspel.

Spelt god fotball

–Endeleg så fekk vi sigeren. Dei to første kampane har vore veldig jamne og velspelte. Jentene har lagt ned ein fantastisk innsats i tropevarmen, seier Per Martin Haavik som legg til at dei har eit veldig ungt lag der halvparten av spelarane er 12 år og den andre halvparten er 13.

–Laga vi har møtt har hatt nok av spelarar å ta av. Vi har ikkje fleire spelarar enn dei ni vi må ha på banen. Altså ingen reservar.

Fire mål

–I dagens kamp mot Oppsal var det Andrine Flo Heggen og Marion Stoddern som scora to mål kvar. Det ein målet til Marion var ei knallheading etter corner som vart lagt av Marte Skeistrand. Det er ikkje ofte vi ser slike mål frå ein 13-åring frå corner, seier Haavik som er litt usikker på kva lag Heia sine 13-årsjenter møter i første sluttspelkampen.

– Alle ni spelarane har sine faste plassar når dei speler 9,ar på Norway Cup. Vi har eit solid forsvar som jobbar godt, og med Ayla Heggen som styrer bak. God midtbane med Juliane Haavik og Mathilde Nordnes på kant. Alle saman jobbar ilag og har fokus på at det gjere så godt vi kan, og lov å feile. Og så skal det være moro, seier Per Martin Haavik.

Fjordabladet meiner at det mest truleg blir Øvrevoll Hosle IL lag 1, ut frå tabellsituasjonen før dei siste kampane blir spelt i denne gruppa.