Gutar 16 år

Tok seg vidare til A-sluttspel

Med uavgjort eller siger over Mosjøen IL i den siste gruppespelkampen ville Eid vere klare for A-sluttspel klassen gutar 16 år i årets Norway-Cup.

Eid sitt gutelag i 16-årsklassen tok seg vidare tilo A-sluttspel i Norwaycup etter 2-2 mot Mosjøen i den siste kampen. Framme frå venstre: Sondre Leite, Oliver Holmøyvik, Oliver Oppedal, Filip Høstland, Johan Felde, Jon Ivar Møll og August Lund. Bak frå venstre: Mohammed Almshout, Jon Kristian Rafshol, Emilian Henden, Ingebrigt Hjelle, Eirik Midthjell, Kevin Sørland og Patrick Isene. Jan Rand var ikkje til stades når bildet vart tatt.  Foto: Privat

Sport

Kampen mot Mosjøern starta ikkje akkurat på best mogleg vis for eidarane. Det tok berre Mosjøen to minutt og tretti sekund å legge ballen i mål bak Eid sin keeper.  Dette resultatet held seg ut den første omgangen. Eid kjempa desperat for utlikning, men Mosjøen klatre å halde eidaren unna.

To kjappe

I andre omgang fekk Eid løn for strevet. Ti minutt ut i omgangen utlikna Eid til 1-1 med Jon Kristian Rafshol. Berre to minutt seinare gjekk Eid opp til 2-1 ved Mohammed Almshout. Fem minutt før slutt utlikna  Mosjøen til 2-2. Men det heldt for Eid som vart nummer to i gruppa, og som  skal møte Eidanger IL eller Hovding IL i 32-delsfinalen i A-sluttspelet. 

Tøffe kampar

–Det har vore ei knalltøff gruppe. Både KFUM-kam. Oslo og Møsjøen har vore knalltøffe motstandarar. I dden siste kampen fekk vi ein imot temmeleg raskt, men gutane kom tilbake og det står det verkeleg respekt av. Vi har spelt tre kampar, 0-0 mot KFUM-Kam. Oslo, 3-0 mot Vestsiden-Askøy IL og no 2-2 mot Mosjøen. Vi har berre slept inn to mål og har så langt i turneringa ikkje tapt, seier Lars Olav Holmøyvik som trenar fsaman med Ole Petter Henden og Rune Midthjell.

–Korleis har laget takla varmen?

–Det har eigentleg gått greitt. Vi har passa på at dei ikkje blir sittande i sola, og at dei har fått nok veske i seg. Omgangane i gutar 16 år er på 2x25 minutt, så sli sett har det ikkje vore den heilt store utfordringa.