Hornindalsvatnet Maraton - 2019

Denne helga arrangerte Hornindal IL det tradisjonelle maratonløpet – Hornindalsvatnet Maraton.

Vart nummer to: Helge Hafsås vart nummer to i klassen 50-54 år under årets Hornindalsvatnet maraton. Arkivfoto: Tormod Flatebø  Foto: Tormod Flatebø

Sport

Maratonløpet på herresida vart vunne av danske Durrin Hynes på tida 2::49:01. Helge Hafsås, Olden IL, vart nummer to i den same klassen som vinnaren, menn 50–54 år, og nummer to samanlagt med tida 3:10:14. Dameklassen vart vunne av Vera Nystad, Søgne IL, på tida 3:39:29. I klassen menn 65–69 år hadde ustoppelege Inge Asbjørn Haugen best tid med 4:59:15.

I maratonløpet var det ingen lokale damer som deltok. I herreklassen var det dei to som allereie er nemnt, Inge Asbjørn Haugen og Helge Hafsås, som stilte til start.

På 10 kilometer vart det 4.-plass på Ada Borgund, Eid IL, på tida 0:56:23.