Norway Cup er i gong

Bra start på dei lokale laga

Søndag spelte laga frå Eid og Heia sine første kampar under Norway Cup.

Eid Sitt G14 lag vann sin første kamp under Norway Cup.   Foto: Privat

Sport

Eid stiller med to lag på Norway Cup. Det same gjere Heia.

Eid IL G14 vann sin første kamp søndag. Laget spelte mot KFUM-Kam. Oslo 3. Etter at Daniel D. Hildenes scora to mål, la Marius Åsebø på til 0-3 til Eid. Gabriel B. Lyngstad og Julian Ervik Hansen sørga for at Eid vann kampen 5-0.

Eid G14 speler neste kamp mot Kløfta måndag.  Etter ein kamp spelt, leiar Kløfta tabellen framfor Eid. Begge lag har tre poeng, men Kløfta vann 6-0 mot Ulfstind IL.

Eid IL sitt andre lag som stiller i Norway Cup er G16 laget. Dei speler mot Vestsiden-Askøy IL 2 søndag.

Heia

Heia FK J14 spelte sin første kamp mot Grue IL og tapte kampen 0-5. Måla til Grue IL vart scora av Hannah Moen Skasberg som vart toppscorar i kampen med 4 mål- Tale Buvarp scora eitt mål for Grue IL.

Heia FK J14 skal spele sin neste kamp mot Molde FK måndag.

Heia FK J13 9'ar var også i gong med sin første kamp søndag. Laget spelte mot Tjørvåg IL/Mil/Gil. Tjørvåg IL/Mil/Gil scora to mål, før Andrine Flo Heggen reduserte til 2-1 for Heia. Det vart også sluttresultatet.

Måndag skal Heia FK J13 spele sin neste kamp mot Frisk Asker IF.