Flott innsats av Eid SK

Eirik Karlsen og Marcus Haus har denne helga konkurrert under NM langbane 2019 i Drammen.

Eirik Karlsen har konkurrert under NM Langbane 2019 i Drammen denne helga.   Foto: Tormod Flatebø (arkiv)

Sport

Drammen arrangerer NM Langbane 2019, og Eid har fleire symjarar som deltek. Det heile starta torsdag, og søndag var dei siste øvingane. Symjarane frå Eid har gjort det godt, og har konkurrert alle dagane.

Eirik Karlsen (2001) frå Eid SK kom inn til ein sterk femteplass under 100 meter butterfly, herrar, junior b-finale. På tida 58,61. Førsteplassen var det Sindre Pleym Olsen frå BS/Delfana som tok med tida 57,51. Under 50 meter fri vart det ein 21. plass på Karlsen som kom i mål på tida 25.77. På 100 meter rygg vart Karlsen nummer 18.

Marcus Haus (1995) frå Eid SK har også fleire gode resultat frå helga. Under øvinga 200 meter fri, funksjonshemma kom han inn som nummer to, på tida 2.47,94, slått av Andreas Bjørnstad som vann med tida 2.27,07. Under 100 meter rygg, herrer, funksjonshemma  kom Haus på andreplass med tida 1.26,45. Under øvinga 50 meter butterfly, herrar A-finale, funksjonshemma vart det førsteplass på Haus, som kom i mål på tida 34,82. Det vart endå ei pallplassering på Haus, og på 50 meter rygg, herrar A-finale, funksjonshemma vart han nummer to etter Håvard Strand Brustad, med tida 41.12. Brustad kom i mål på tida 34,85.


Resultatliste øving 200m fri, herrer, funksjonshemma

2. Marcus Haus (1995), Eid SK. 2.47,94

Resultatliste øving 50m fri, herrer, junior

21. Eirik Karlsen (2001), Eid SK. 25.77. 534 poeng

Resultatliste øving 100m rygg, herrer, junior

18. Eirik Karlsen (2001), Eid SK. 1.03,97. 532 poeng

Resultatliste øving 100m rygg, herrer, funksjonshemma

2. Marcus Haus (1995), Eid SK. 1.26,45. 215 poeng

Resultatliste øving 100m butterfly, herrer - B-finale

5. Eirik Karlsen (2001), Eid SK. 58,61. 614 poeng.

Resultatliste øving 50m bryst, herrer - A-finale, funksjonshemma

4. Marcus Haus (1995), Eid SK. 43.64. 210 poeng

Resultatliste øving 50m butterfly, herrer - A-finale, funksjonshemma

1. Marcus Haus (1995), Eid SK. 34,82. 267 poeng

Resultatliste øving 50m rygg, herrer - A-finale, funksjonshemma

2.Marcus Haus (1995), Eid SK. 41.12. 199 poeng


Tidlegare resultat

Øving 100 meter butterfly, herrer, junior

9. Eirik Karlsen (2001), Eid SK. 59,36. 595 poeng.

Øving 100m fri, herrar, funksjonshemma

4. Marcus Haus (1995), Eid SK. 1.15,52. 239 poeng.

Øving 50m butterfly, herrar, junior

15. Eirik Karlsen (2001), Eid SK. 27.02. 572 poeng.