Hornindal Rundt

Flotte resultat på dei lokale

Laurdag var det klart for Hornindal Rundt, og fleire lokale var med på fjelløpet.

Hornindal Rundt vart arrangert laurdag, og det var fleire likale som gjorde det godt. Her er Jørn Smørdal Botn (Stårheim IL/Team Bjørhovde Hønseri) (t.h) som kom på 12.-plass i 38 kilometeren, saman med Trym Dalset Lødøen (Haugen IL) som kom på 14.-plass.   Foto: Privat

Jørn Smørdal Botn (Stårheim IL/Team Bjørhovde Hønseri) i farta.   Foto: Privat

Jørn Smørdal Botn (Stårheim IL/Team Bjørhovde Hønseri).  Foto: Privat

Sport

Hornindal Rundt har i år tre ulike løp, 75 kilometer Ultraløp, 38 kilometer Fjelløp og 75 kilometer Stafett, som er nytt for året.

I det 75 kilometer lange løpet var det Paul Ogier (OSI Friidrett) som gjekk heilt til topps med tida 9:14:40, heile 42:26 minutt før nummer to Vegard Fredheim frå Lillehammer. Begge i klassa M23-34. Under 75 kilometer Stafett var det Sirkus88 som kom i mål som nummer ein. På laget var Bjørn Erik Henden, Anders Vonheim, Arild Henden og Ivar Nord. Dei kom i mål på tida 9:56:32.

I det 38 kilometer fjelløpet var det fleire lokale som stilte til start. Jørn Smørdal Botn (Stårheim IL/Team Bjørhovde Hønseri), som stilte i klassa M23-34, kom i mål på ein flott 12.-plass totalt. Han kom i mål på tida 4:42:27, og var 47:33 bak vinnaren Kristoffer Haugen (Monkehåjen GT) som kom i mål på 3:54:54. Trym Dalset Lødøen (Haugen IL), sprang i klassa M16-18 gjorde det også godt, og kom i mål på ein flott 14.-plass på tida 4:47:12. I klassa si, M16-18, var han best.


Resultat 75 kilometer Ultraløp:

31. Einar Arne Seljeset (Hornindal IL), M55-59. 14:30:15

97. Siv Madeleine Kristensen (Hornindal IL/Spar/Hil), K60-64. 22:07:37

105. Inge Asbjørn Haugen (Hornindal IL), M65-69. 26:38:13


Resultat 75 kilometer Stafett

1. Sirkus88 (Bjørn Erik Henden, Anders Vonheim, Arild Henden og Ivar Nord). 9:56:32


Resultat 38 kilometer

1. Kristoffer Haugen (Monkehåjen GT), M23-34, 3:54:54’

3. Rasmus Haugen (Hornindal IL/Monkehåjen GT), M1922. 4:04:34

12. Jørn Smørdal Botn (Stårheim IL/Team Bjørhovde Hønseri), M23-34. 4:42:27.

14. Trym Dalset Lødøen (Haugen IL), M16-18. 4:47:12

21. Arild Vonheim (Stårheim IL/Eid Motbakkelag), M40-44. 5:15:51

70. Ada Johanne Borgund (Nordfjordeid), K12-15. 7:02:14