NM

Eidarar i aksjon

Fleire av symjarane frå Eid har vore i aksjon under NM Langbane 2019.

Drammen arrangerer NM Langbane, og Eirik Karlsen frå Eid er blant deltakarane.   Foto: Tormod Flatebø (arkiv)

Sport

Drammen arrangerer NM Langbane 2019, og Eid har fleire symjarar som deltek. På 100 meter fri for herrar vart det ein fjerdeplass på Marcus Haus, frå Eid, i klassa funksjonshemma. Han kom i mål på tida 1.15,52. Vinnaren  vart Fredrik Solberg frå Tønsberg SK, som kom i mål på 1.01,59.

I tillegg til Haus, har også Eirik Karlsen konkurrert på 50 meter butterfly herrar/junior. Det vart 15.-plass på denne øvinga på Karlsen, som kom i mål på 27.02. 1. plass gjekk til Brian Benzing (OI Svømming) som kom i mål på tida 25.57.

Nummer ni

Torsdag var det klart for dei første øvingane, og då vart det ein 9.-plass på Karlsen under 100 meter butterfly herrar/junior. Han kom i mål på tida 59,36.  Førsteplassen for juniorar var det André Gregussen frå OI Svømming som tok på tida 55,92.


Øving 100m fri, herrar, funksjonshemma

4. Marcus Haus (1995), Eid SK. 1.15,52. 239 poeng.

Øving 50m butterfly, herrar, junior:

15. Eirik Karlsen (2001), Eid SK. 27.02. 572 poeng.