Nær sytti trassa vêret under Trollenykjen opp

Søndag morgon starta med kraftig regn og skodde. Likevel av det 29 i mosjonsklassa og 38 som stilte i konkurranse under Trollenykjen opp. Der det også blei sett ny rekord på tid, eitt minutt og 33 sekund betre enn den førre.

Mangla utsikt: Dei mest ivrige fann fram opp til Trollenykjen på søndag, sjølv om utsikta var dårleg gjennom skodda, og regnet ikkje hadde så mykje opphald. 

Sport

Det var Thorbjørn Ludvigsen frå Bergen som slo den førre rekorden til Joel Dyrhovden frå 2011. Ludvigsen sprang til topps på Trollenykjen på tida 33 minutt og 37 sekund. Den førre rekorden var på 35 minutt og 18 sekund. Den gamle vart altså slegen med eitt minutt og 33 sekund.