Eid gjekk på sitt første tap

Eid gjekk på sitt første tap for sesongen mot eit effektivt og heiltent Førde-lag.
Sport

Etter å ha slått Bremanger i ein utsett kamp onsdag denne veka passert Førde Eid på tabellen med to poeng. Med siger til Eid i den siste kampen før ferien ville heimelaget passere gjestane frå Sunnfjord på tabellen. Men slik skulle det ikkje gå. Førde gjekk ut i hundre og overraska nok heimelaget ein del med tøffe taklingar og rimeleg høgt tempo. Slik sett var det ikkje urettferdig at Førde tok leiinga i kampen. Ein miss på Førde sin midtbane, førte til at gjestane kom i overtal mot Eid sin bakerste forsvarar, Ove Balsnes. I flott pasning frå Mathias Lambrechts Sagevik til Kristian Hauståker som enkelt sette inn 1-0 til gjestane etter 27 minutt.1-0 vart også pauseresultatet i ein omgang der heimelaget ikkje hadde ein einaste reell målsjanse.