Serieleiar Hornindal

Rundspelt av Haugen

Tysdag kveld møtte Haugen serieleiar Hornindal i den siste kampen før sommarferien. Haugen imponerte, og rundspelte serieleiaren.

Jakta hat-trick: Nummer to på Haugen sitt lag, kultursjef Geir Holmen, kom inn i andre omgang og scora to mål i kampen. mot serieleiaren. -Sist eg scora to mål i ein kamp var då eg scora tre for Målselv i kampen mot Bardufoss og omegn idrettslag. Der er 27 år sidan, sa haugen sin goalgetter etter kampen. Alle foto: Tormod Flatebø 

Sport

–Eg er veldig fornøgd med resultatet i kampen. Men eg er endå meir fornøgd med måten vi spelar fotball på. Det er ein grunn til at vi driv med denne sporten, og det er at vi likar å spele god fotball og ha det kjekt saman. Det meiner eg at vi viste til fulle i dag, sa Øystein Haugland, trenar for Haugen sitt lag i 6. divisjon.