Sondre Nor Midthjell

Fekk skryt av landslagskeeperen

Denne veka deltek Sondre Nor Midthjell frå Eid på Equinors talentleir i Porsgrunn saman med over 120 av Norges mest talentfulle spelarar mellom 14 og 16 år.

Talent: Denne veka vart Sondre NOr Midthjell trent av landslagskeeper Rune Almenning Jarstein. Frå venstre på bilete: Jan Erik Stinessen frå NFF, Sondre Nor Midthjell og Rune Almenning Jarstein.   Foto: Ole Jørgen Brattland, Equinor

Sport

På leiren, som utgjer toppen av Norges Fotballforbund (NFF) sin landslagsskule, har spelarane blant feire blitt trena av landslagskeeper og Morgondagens Heltar-mentor Rune Almenning Jarstein. Det er på denne leiren at Sondre Nor Midthjell skal bevise at han er god nok til å få lov til å spele med flagget på brystet.

Glød, innsats og læringsvilje

Fotballtalentet frå Eid fekk tysdag møte Rune Almenning Jarstein som til dagleg spelar i Bundesliga-klubben Hertha Berlin og som har 60 A-landskamper for Norge.

–Eg kom inn på Gutar-16 landslaget i år 2000 og eg spelte fleire U-landskamper før eg debuterte på A-landslaget sju år seinare. Det å kunne få vere ein del av ein slik talentleir som dette bør vere ekstra motiverande for alle som har ambisjonar om å bli en landslagsspelarar. Flire av spelarane har allereie nivået inne, og dersom dei beheld gløden, innsatsen og læringsviljen kan dei lukkast, seier Rune Almenning Jarstein.

Morgondagens landslagsspelarar

På leiren deltek i overkant av 100 fotballspelarar mellom 14 og 16 år. På talentleiren får dei ei unik mogelegheit til å trene med de antatt beste spelarane i sine årsklasser, og på den måten får dei sjå kva nivå dei sjølve ligg på, og kva som skal til for å bli enda betre.

– Felles for alle som er tatt ut er at dei er vurdert til å vere blant landets aller største talent. Vi har tatt ut desse spelarane fordi vi meiner dei har eigenskapar som på sikt kan gjere dei til ein av «morgondagens heltar», seier fagansvarleg for landslagsskulen i NFF, Håkon Grøttland. 

Tre av fire

I 2018 hadde NFF tre av fire aldersbestemte landslag i EM-sluttspel som ein av få europeiske nasjonar. I år skal både G19 og J19 ut i sluttspel i sommar, medan U20 allereie delteke i U20 VM.

– Det syner at det blir jobba svært godt med spellutvikling i norsk fotball om dagen, frå breiddeklubb og krets og opp til aldersbestemte landslag og toppklubb. Det lover ikkje minst godt for framtida til A-landslaga våre, seier Grøttland. 

Fakta om Equinor talentleir for gutar 2019:

•Talentleir for Norges mest lovande fotballspelarar mellom 14 og 16 år.

•Arrangert i perioden 24. juni til 298. juni på Kjønes Idrettspark i Porsgrunn. 

•Eit samarbeid mellom Norges Fotballforbund og Equinor sitt talentprogram Morgondagens Heltar der selskapet støtter talentutvikling innanfor idrett, kultur og realfag.

•Leiren er øvste nivå i Norges Fotballforbunds Landslagsskule, som har som mål å drive systematisk talentutvikling for å danne Norge sitt framtidige landslag.