Sak og biletserie frå oppgjeret Flatraket/Skavøypoll 2 - Tornado Måløy 2

Klatra til tredjeplass på tabellen

– Dette var ein viktig kamp for oss, fordi vi har rota bort ein del poeng i dei siste kampane. Å vinne eit lokalderby med så mykje folk på tribunane var himmelsk.

Lagkapteinen: Martin Nygård var ein viktig mannn for heimelaget i kampen mot Tornado Måløy 2. Ei målgjevande og ei scoring var fasiten for lagkapteinen etter kampen. Alle foto: Tormod Flatebø 

Sport

Det sa Flatraket/Skavøypoll 2 sin trenar, Ole Erik Sunde, etter at bataljen mot Tornado Måløy sitt andrelag var over, og der heimelaget kunne gå av banen med 3–1 siger og tre viktige poeng som førte laget opp på tredjeplass på 6. divisjonstabellen, bak Hornindal og Eid.