Jenter 10 år:

-Det kjekkaste er å spele, ikkje å vinne

Onsdag kveld møttest Eid og Sandane sin lag i jenter 10 år til fotballdyst.

Stor med ball: Hadel var ikkje den som raga høgast på banen, men denne jenta var stor med ball. Godt steg og flott teknikk er varemerket, pluss ein enorm stå på vilje. Hadel scora ro smarte mål i kampen. Alle foto: Tormod Flatebø 

Sport

–Dette er eit fleirkulturelt lag i ordets rette forstand. Her har vi jenter frå Syria, Somalia, Eritrea og Norge. Totalt er det 16 jenter i alderen 10 til 11 år i treningsgruppa vår, og vi har plass til fleire. Dei trenar godt og spelar ofte to kampar i veka. Ein kamp for tiåringane og ein kamp for 11-åringane. I dag er det kamp for tiåringane, sa Janicke Hagen Henden er ei av tre kvinner som har alt med laget å gjere.