Mats Andersson om Stadlandet Rett Vest:

–Supert løp i fin natur

Andre pinsedag, måndag 10. juni, blir Stadlandet Rett Vest arrangert for 13. gong.

Dragseidet: Komande måndag arrangerer Stadlandet IL Stadlandet Rett Vest for 13. gong. Biletet er frå starten på Dragseidet. I 2018 var det deltakarrekord i løpet, med nær på 300 startane i dei ulike klassane. Begge foto Stadlandet IL 

Sport

I 2018 var det deltakarrekord, med nesten 300 deltakarar, i løpet som har start på Dragseidet på Stadlandet til Refsnes (Ervik) på ytre Stadlandet. Løypa er på 13,2 kilometer og går opp i 600 meter over havnivå. I tillegg til konkurranseklasse er det eigen trimklasse. I år inngår Stadlandet Rett Vest, som eitt av sju løp i Nordfjordkarusellen. I tillegg til konkurranseklasse for kvinner og menn, og trimklasse, er det ei kortare og litt mindre krevjande løype som har start på Refsnes og som går rundt Ervikvatnet.