Nytt målkalas av Eid

Før kampen mot Eid på Eid Stadion hadde gjestane frå Bremanger slept inn fem mål på sine fem første kampar. Etter møtet med Eid var siffera 13 baklengs.
Sport

Eid spelte sin første kamp for året på Eid Stadion søndag ettermiddag. Motstandar var Bremanger som starta offensivt, og hadde den første sjansen i kampen, men det vart liksom med det. Eid var totalt overlegne i banespelet, og langt meir effektive. Sjølv om det var merkbart at dette var den første kampen på naturgras, var ikkje Bremanger nokon motstandar i søndagens oppgjer.