Andrine:

– Neste år skal det gå fort

Etter ein kjempesesong med 13 sigrar i FIS-renn, totalt 19 pallplassar gjennom sesongen og ikkje minst deltaking i junior-VM, ser Andrine Englund Mårstøl (Haugen IL) fram mot å ta fatt på ein ny sesong til vinteren. Men først er det barmarkstrening som står for tur.

Klar for ny sesong: Andrine Englund Mårstøl hadde denne vinteren sin beste sesong som alpinist så langt i karrieren. No går ho laust på mange månadar med barmarkstrening for å bli klar til neste vinter. For då skal det etter planen gå endå fortare.   Foto: Olin Maria Yri

Det har vore ein skikkeleg kul sesong

Sport

I slutten av november 2018 tok Andrine Englund Mårstøl (20) sin første siger i eit FIS-renn nokon sinne. Deretter kom dei gode plasseringane på rad og rekke. Gjennom vinteren har ho stått på toppen av pallen heile 13 gongar i FIS-renn, og vore på pallen totalt 19 gongar. Det er verdt å legge merke til at den dårlegaste plasseringa i eit FIS-renn denne sesongen er ein 14.-plass.