Storsiger til Eid

Eid knuste Sandane på heimebane, og med tre nye poeng gjekk dei rett til topps på tabellen.
Sport

Måndag kveld spelte Eid J 1517 mot Sandane J 1517 på Eid idrettspark. Det var ein jamn kamp dei første 15 minutta, men Eid kom best i gong. Då kampen var 18 minutt gamal scora heimelaget sitt første mål for dagen. Og fleire mål skulle det bli, for då dommar Sureskumar Kathiravel blåste i fløyta stod det heile 11–0 til Eid etter to svært effektive omgangar.