Thomas Holmøyvik Starheim

–Vi var totalt overlegne

–I dag skal du få ei god historie, sa Thomas Holmøyvik Starheim på veg inn i garderoben for å ta den siste praten med laget før 16. mai-kampen mot Stryn på Stryn Stadion der Eid tradisjonelt har slite med å få poeng.
Sport

Thomas fekk heilt rett. Det var både ei god historie og ein historisk og euforisk fotballkamp.Då dommar Steffen René Arnesen Mandelid bles i fløyta for siste gong i kampen, stod det 1-5 på resultattavla. At denne kampen på dagen før dagen, blir ståande som historisk, har sjølvsagt mykje med at Eid rundspelte Stryn i store delar av begge omgangar, men også fordi det var ein kamp som hadde alt. Drama, mange mål, utvisningar og gule kort som flagra, fortvila spelarar, jublande spelarar og ikkje minst eit enorm trøkk frå eit entusiastisk publikum, med Eida-russen i spissen. Dei vann tribunekampen heilt overlegent.