Leiv Johnny Endal:

Fin avslutning på ein flott sesong

Eid sitt G16-lag, som består av spelarar på 14 og 15 år har denne sesong spelt mot lag som har hatt spelarar som er både eitt og to år eldre.

  Foto: Leiv Johnny Endal

Best: Haugen/Eid sitt lag i G-13 gjekk sigrande ut av B-sluttspel. I finalen der dei slo Charlottenlund 10–5. Foto: Privat  Foto: Leiv Johnny Endal

Sport

–Det har gått heilt fint, sjølv om spelarane har fått køyrt seg i ein del av kampane, men våre gutar har slett ikkje vore nokon kasteball i forhold til eldre spelarar. Spesielt på heimebane har gutane vore gode, seier Lev Johnny Endal, trenar for Eid sitt G15-lag, som avslutta sesongen med ei flott handballhelg i Trondheim.

–Det er tredje året på rad at vi avsluttar sesongen med Trondheim Cup i handball. Denne gongen reiste vi med fire lag. I tillegg til G15 var også Haugen/Eid sine lag i gutar 13 år, jenter 13 og jenter 14 år var med på den flotte avslutninga på sesongen, seier Leiv Johnny som legg til mat det var ein flott gjeng med strålande ungdomar frå Eid og Haugen som avslutta handball-sesongane sine på Norges største handballturnering, der dei fekk måle krefter med lag frå heile landet.

Opp og nedturar

Trondheim Cup vart både opp- og nedturar. Haugen/Eid G-13 var det laget som gjorde det best. Dei gjekk sigrande ut av finalen i B-sluttspelet der dei slo Charlottenlund 10–5. Haugen J13 spelte ein triller av ein 1/8-dels finale, der dei dessverre tapte 10–9 på «sudden death» mot Charlottenlund. Eid J14 rauk ut av cupen i ein spennande og god kamp i B-sluttspelet sin 1/8-dels finale mot Frea (frå Alta) 9–6. Eid G15 rauk ut mot Charlottenlund i 1/4-finalen i B-sluttspelet.

Sesongen

–Cup er cup, med mykje moro, men korleis har sesongen vore for laget som har spelt mot langt eldre spelarar?

–Som sagt så har sesongen vore oppløftande på mange måtar. Når laget har hatt dagen, så har vi sette at dei kan spele jamt med dei fleste av laga dei har møtt. Det som elles har vore viktig for oss, er at alle får speletid. Enkelte står kanskje lenger på banen enn andre, men det er nødvendig for å halde laget saman. Akkurat dette med at alle får spele er viktig for framhaldet. Spelarar som brukar mykje tid på å trene, skal og så få spele kampane, seier Leiv Jonny Endal som held fram som trenar for Eid sitt G16-lag også den komande sesongen.

Halde saman

–Kor stor spelarstall har du neste år?

–Dette er ei spelargruppe som har halde saman sidan dei spelte minihandball. Altså frå dei var 8–9 år. Vi har vore mellom 12–16 spelar i gruppa. Nokre av dei har hoppa av frå fotball og gått over til å spele handball. Dersom lat går slik vi har planlagt, så kan eg love at det kjem til å bli mykje moro og fin handball frå denne gjengen neste sesong, seier Leiv Johnny.