Brutal 3. divisjons-debut for Selje/Åheim

Søndag var ein historisk dag på Selje Idrettspark. For første gong stilte Selje med eit damelag i 3. divisjon.
Sport

Laget spelarane skulle møte var Førde, som har spelt på dette nivået i fleire år. For å seis det kort; Det vart eit brutalt møte for damelaget til Selje/Åheim. Då kampen vart blåst av hadde Førde overlista heimelaget sitt forsvar og keeper ni gonger. Selje/Åheim fekk berre ei nettkjenning. Den var det dagens Selje-spelar Guro Lesto Larsen som sto bak.