Oppgjeret Eid – Tornado Måløy

Målshow av Eid

Eid sitt gutelag i 1. divisjon tok sin andre siger for sesongen då laget slo Tornado Måløy 8–2.

Målrikt: 1. divisjonskampen i gutar 15/17 år mellom Eid og Tornado Måløy vart eit målrikt oppgjer. Her set Mohammad Mahmoud Almshout (nr. 14), som var eit evig uromoment for Tornado Måløy sine forsvarar, inn sitt andre av tre mål for dagen. Til høgre Eid sin nummer 13, Marius Vinge.   Foto: Tormod Flatebø

Sport

Kampen mot Tornado Måløy var den andre i årets 1. divisjon. I den første kampen, som vart spelt før påske, vann Eid 2–1 over Florø 1 på bortebane.