Serieopning i 6. divisjon avd. 3

Målrik opning av Eid 2

Tysdag opna Hyen sesongen med å score mot Eid 2, som har vunne 6. divisjon avdeling 3 dei to siste åra. Deretter vart gjestane meir eller mindre rundspelt av eit løpsvillig heimelag.

Harde tak: Hyen sin keeper Filip Vederhus Høstland hadde nok å henge fingrane i i opningskampen mot Eid 2. Her boksar han ballen bort etter ein corner.   Foto: Tormod Flatebø

Sport

Då laga møttest i 2018-sesongen vann Eid 2 heimekampen med 7–0. Då laga møttest på Hyen sentralidrettsanlegg var det langt jamnare. Eid leia den gong med 2–1 til pause. Målscorarar var Sondre Wik Leite, Sindre Årskog. Sluttresultatet vart 3–2 til Eid 2 etter at Eirik Nor Midthjell scora Eid sitt tredje mål i andre omgang. Eid avslutta sesongen på tabelltopp etter å ha vunne 15 av dei 16 kampane. Hyen hamna nest sit på tabellen med 11 poeng. Totalt vart det tre sigrar, to uavgjorte og 11 tapte kampar.