4H arrangerte Nattcup i Eidahallen

Volleyball til langt på natt

Det var god stemning og bra engasjement då det vart arrangert den første 4H Volleyball Nattcup i Eidahallen.

Hovudansvaret: Martin Kjøllesdal (t.v.) og Brynjar Leivdal (t.h.) hadde hovudansvaret for nattcupen som vart arrangert i Eidahallen fredag.   Foto: Olin Maria Yri

Sport

Fredagskveld og natt til laurdag vart det for første gong arrangert 4H Volleyball Nattcup i Eidahallen. Det heile vart arrangert av 4H Sogn og Fjordane og Eid 4H-nemnd. Hovudansvaret for planlegginga av nattcupen var det Martin Kjøllesdal og Brynjar Leivdal som hadde hatt denne gongen.