Bra helg for skiskyttarane

Det var mange gode resultat frå dei lokale skiskyttarane frå Eid og Stårheim under Bama Liatoppen Skiskytterfestival 2019.

Bama Liatoppen Skiskytterfestival 2019 vart arrangert i helga. Her frå tidlegare i vinter.   Foto: Tormod Flatebø (arkiv)

Sport

I helga vart det arrangert Bama Liatoppen Skiskytterfestival 2019 på Liatoppen skisenter. Laurdag var det klart for sprint, og søndag var det fellesstart. På start stod det skiskyttarar frå Eid og Stårheim. Magnus Skeide Bakke gjekk laurdag inn til tredjeplass, og søndag vart han nummer seks i G16, berre 36 sekund bak vinnaren Stian Fedreheim frå Hernes IL. Også Kasper Mundal gjorde det godt og gjekk i mål som nummer 13 i same klasse.  87 deltakarar fullførte løpet.


Gutar 16 år

6. Magnus Skeide Bakke (Eid IL-Skiskyting), 14:06, 1+2 bom

13. Kasper Mundal (Stårheim IL), 14:35, 2+1 bom  

Gutar 15 år

16. Trygve Myrold (Stårheim IL), 15:42, 1+0 bom.

70. Peder Hanebrekke Hildenes (Stårheim IL), 19:03, 2+1 bom.

Jenter 15 år

28. Linnea M. Espe (Stårheim IL), 18:10, 2+1 bom

Jenter 14 år

25. Frøya Haughovd (Stårheim IL), 17:10, 2+0 bom.

33. Ada Johanne Borgund (Stårheim IL), 17:51, 2+3 bom.

Gutar 13 år

63. Esekiel Henden (Eid IL – Skiskyting), 17:19, 4+3 bom.

Gutar 12 år

4. Magnus Ytre-Hauge Ivesdal (Stårheim IL), 12:40, 0+0 bom

75. Samuel Myklebust (Stårheim IL), 19:41, 2+3 bom

Jenter 12 år

8. Mia Melheim Espe (Stårheim IL), 13:38, 1+0 bom

13. Era Samuline Prøven Borgund (Stårheim IL), 13:56, 0+1 bom