Gjekk inn til tredjeplass

Bama Liatoppen Skiskytterfestival 2019 er i full gong, og laurdag vart det mange gode plasseringar frå dei lokale skiskyttarane på Eid og Stårheim.

Magnus Skeide Bakke er blant skiskyttarane som er med på Bama Liatoppen Skiskytterfestival 2019. Laurdag vart det pallplass.   Foto: Privat

Sport

I helga vert det arrangert Bama Liatoppen Skiskytterfestival 2019 på Liatoppen skisenter. Laurdag var det klart for sprint, og på start stod det skiskyttarar frå Eid og Stårheim. I klassa g16, gjekk Magnus Skeide Bakke inn til ein flott tredjeplass. I mål var Magnus 33 sekund bak Konrad Badacz (Polen). 104 deltakarar stod på start i denne klassa.


Gutar 16 år

3. Magnus Skeide Bakke (Eid IL), 15:15, 2+1 bom

13. Kasper Mundal (Stårheim IL), 16:19, 2+1 bom

Jenter 15 år

25. Linnea Melheim Espe (Stårheim IL), 20:07, 2+1 bom

Gutar 15 år

25. Trygve Myrold (Stårheim IL), 17:51, 2+1 bom

Jenter 14 år

13. Ada Johanne Borgund (Stårheim IL),  17:25, 1+1 bom

35. Frøya Haughovd (Stårheim IL), 19:00, 3+1 bom

Gutar 13 år

19. Esekiel Henden (Eid IL – skiskyting)

Gutar 12 år

23. Magnus Ytre-Hauge Ivesdal (Stårheim IL), 15:31, 1+2 bom

74. Samuel Myklebust (Stårheim IL), 22:07, 2+3 bom

Jenter 12 år

9.  Era Samuline Prøven Borgund (Stårheim IL), 15.47. 0+0 bom

14. Mia Melheim Espe (Stårheim IL), 15:59, 0+0 bom