Tre flotte løp av Haugen-alpinist Julia Felde

Førre helg gjekk Telenorleikane av stabelen på Vassfjellet i Trondheim, og utøvarane frå Sogn og Fjordane leverte mange gode resultat.

Alpint: Utøvarane frå Sogn og Fjordane på Telenorleikane 2019. F.v. Håvard Taklo, Oskar Ellingsund, Julia Felde, Siri Munthe Olsen og Ane Malen Myklebust   Foto: Svein Olav Myklebust

Sport

Telenorleikane er landsfinalen i alpint for utøvarar i alderen 13–14 år. Det var lagt opp til ei flott ramme med både tette duellar i løypa og ein kjekk løparmiddag og premieutdeling.

Som Fjordabladet tidlegare har skrive, så gjorde Julia Felde, Haugen IL, det sterkt i 13 årsklassen med 2.-plass i slalåm. I tillegg vart det 6.-plass i super-G og 10.-plass i storslalåm. Ane Malene Myklebust, Sogndal IL, dotter til ein ikkje ukjend fotballmann frå Eid, Svein Olav Myklebust, følgde opp med ein flott 4.-plass i storslalåm i jenter 14 år.

Hovudlandsrenn

Denne veka er det hovudlandsrenn i alpint på Oppdal. Torsdag køyrde både jentene og gutane utfor. I klassen for gutar deltok tre løparar frå Haugen IL, Jan Henden Rand, som vart nummer 46, Johan Felde (55) og Oliver Stokkenes Sæthre som kom på 60.-plass. Best av løparane frå fylket var Elias Helle Felde, Breimsbygda IL, med 6.-plass. Eivind Hofslundsengen, Sogndal IL, vart nummer 64. Blant jentene vart 44.-plass på Kristin Hofslundsengen og 64.-plass på Evita Brenden, begge Sogndal IL.