To pallplassar på ein dag

Måndag køyrde Andrine Mårstøl (Haugen IL) inn til ein fjerdeplass under NM i Hemsedal. Onsdag morgon vart det medalje på alpinisten, før det seinare på dagen vart ein ny pallplass i FIS utfor.

Andrine Mårstøl tok NM-bronse i utfor onsdag og klatra opp på pallen.   Foto: Privat

Andrine Mårstøl og Emma Åsebø er i Hemsedal og køyrer NM i alpint.   Foto: Privat

Sport

Grunna utfordringar med mildvêr i Hemsedal er utfortreninga onsdag avlyst, og i staden vert det arrangert to utforrenn, eit NM og eit FIS-renn. Onsdag morgon køyrde Andrine Mårstøl inn til ein flott tredjeplass og bronse i NM på tida 1:36.88, +0.96 bak Kajsa Vickhoff Lie som tok gullet. Emma Åsebø, også frå Haugen IL, køyrde inn til ein 26.-plass under utforrennet.

Seinare på dagen var det klart for eit FIS-renn, denne gong kombi og utfor. Her køyrde Andrine inn til ein andreplass på tida 1:33.67, +0.77 bak Kajsa Vickhoff Lie som tok førsteplassen igjen. Emma vart nummer 24. Slalåmrennet går torsdag.

Dei andre øvingane

Alpinistane som deltek i NM har gjort unna fleire øvingar så langt. Laurdag var det storslalåm, og Andrine og Emma køyrde ut i kvar sin omgang. Søndag var det klart for slalåm og Andrine køyrde inn til ein 11.-plass medan Emma kom på 45.-plass. Måndag slo Andrine til med fjerdeplass i Super-G, medan Emma kom på 39.-plass.