Verdsmeistar Tarjei Bø

Mentor for lokale skiskyttartalent

Dei lokale skiskyttartalenta Kasper Mundal og Magnus Skeide Bakke får Tarjei Bø som rådgjevar.

Skiskyttartalentet Kasper Mundal, Stårheim IL, får verdsmeistar Tarjei Bø som rådgjevar.   Foto: Norges Skiskytterforbund

Skiskyttartalentet Magnus Skeide Bakke, Eid IL, får verdsmeistar Tarjei Bø som rådgjevar.   Foto: Norges Skiskytterforbund

Sport

Kasper Mundal, Stårheim IL, og Magnus Skeide Bakke  er allereie blant landets mest lovande skiskyttartalent. Sist helg deltok dei begge på BAMA Youngstar i Holmenkollen. Der fekk dei møte eit av sine store førebilete, verdsmeister Tarjei Bøe, som skal gje Kasper og Magnus sine beste råd og tips fram mot neste sesong.

Sesongens høgdepunkt

Gjennom ein lang vinter og fire tøffe uttaksrenn var det 30 gutar og 30 jenter som til slutt fekk æra av å gå Youngstar-finalen. Ikkje berre fekk dei gå i nasjonalanlegget i Holmenkollen saman med verdseliten, men rennet blei også sendt på NRK.

–Å få gå her er noko alle skiskyttarar i alderen 14-16 år drøymer om, seier Odd-Bjørn Hjelmeset, sportsleg leiar i Skiskyttarforbundet, som meiner det gror utruleg godt i norsk skiskyting.

–Eg er sikker på at fleire av deltakarane kan vere med å føre Norge sine sterke skiskyttartradisjonar vidare, seier han i ei pressemelding.

Har mykje å lære bort

Tarjei Bø, som nyleg kom til heimlandet med to gull frå skiskyttar-VM i Østersund er Eat Move Sleep ambassadør¸ eit inspirasjons og kunnskapskonsept utvika av BAMA som set fokus på viktigheita av sunt kosthald, nok fysisk aktivitet og god søvn, gler seg til å jobbe med dei unge lokale talenta.

– Kvar for seg er desse tinga viktige, saman er dei nøkkelen til god helse og trivsel og overskot. Eg veit sjølv kor vanskeleg det er å ta dei siste stega til toppen, og derfor ønskjer eg å hjelpe dei med deg eg kan. Sølvsagt skal eg gje råd om trening og spesifikke skiskyttarøvingar, men eg trur også at eg har mykje å bidra med på andre områder som mange av dei kanskje ikkje har heilt fokus på endå. Det er til dømes dumt å kaste bort mykje av effekten av godt gjennomførte treningsøkter på grunn av dårlege søvn- og kosthaldsvanar. Skal ein bli god, anten det er i idrett, skule eller jobb, er det summen av dei små tinga som avgjer, seier Tarjei Bøe.

Tarjei Bø skal også vere mentor for Emilie Flo Stavik, Ann Kristin Aaland og Maren Hjelmeset Kirkeeide, Markane IL og Hardbagg IL sine talent.