Fjerdeplass i NM Super-G

Andrine Mårstøl køyrde ut i NM storslalåm laurdag. Måndag slo alpinisten frå Haugen IL til med ein fjerdeplass i Super-G under NM i Hemsedal.

Nesten: Andrine Englund Mårstøl var fattige 21 hundredelar frå pallplass i Super-G under NM i Hemsedal. 

Sport

Løparane som deltek i Norgesmeisterskapen i Alpint har så langt gjort unna tre øvingar. Laurdag var det storslalåm, der Andrine Mårstøl låg på ein 11.-plass etter første omgang. I andre omgang køyrde ho ut. Heller ikkje søndagens slalåm renn vart nokon stor suksess. Måndag var det klart for Super-G, og her dundra Andrine til. I mål var ho fattige 21 hundredelar frå pallplass. Emma Åsebø, også ho Haugen IL, køyrde inn til ein 39.-plass under måndagens Super-G. Renne vart vunne av Maria Therese Tviberg.