Junior-NM skiskyting i Orkdal:

Bendik Vereide best blant gutane frå fylket

Gunn Kristi S. Tvinnereim, Hardbagg/ Stryn vgs., og Bendik Vereide, Stårheim IL, hadde dei beste individuelle resultata blant skiskyttarane frå Sogn og Fjordane under Junior-NM i Orkdal.

Best av gutane: Bendik Vereide, Stårheim IL, fekk det beste enkeltresultatet av deltakarane frå Sogn og Fjordane på sprinten under junior-NM i skiskyting i Orkdal. I klassen 17. år menn gjekk han inn til ein flott niande plass. Arkivfoto: Tormod Flatebø 

Sport

Denne helga stilte 16 skiskyttarar frå Sogn og Fjordane skiskyttarkrins, og to frå Vik som går på landslinja Stryn vidaregåande skule, til start i NM for juniorar i Orkdal.