Junior-NM skisklyting

Varierande resultat i Orkdal

Best resultat på fellesstarten fredag, blant dei lokale skiskyttarane under Junior-NM på Orkdal, hadde Ingrid Heggen og Bendik Vereide.   

Ingrid Heggen, Stårheim IL/Stryn vgs., gjekk inn til 24. plass på fellesstraten under junior-NM i Orkdal fredag.   Foto: Tormod Flatebø, arkivfoto

Sport

Denne helga stilte 16 skiskyttarar frå Sogn og Fjordane skiskyttarkrins og to frå Vik, som går på landslinja Stryn vidaregåande skule, til start på junior NM skiskyting i Orkdal.

Fredag 15. mars var det fellestart, og ikkje uventa var det Gunn Kristi Tvinnereim, Hardbagg IL, som ligg som nummer to i Norges-cupen i klassen kvinner 17 år, som fekk det beste individuelle resultat på fellesstarten. I denne klassen vart Ingrid Heggen, Stårheim IL/Stryn vgs., nummer 24.

Blant gutane hadde Jens-Henrik Hegg, Vik IL/Stryn vgs, beste resultat med ein sjuande plass i menn 17. år. I denne klassen gjekk Bendik Vereide, Stårheim IL/Stryn vgs, inn til ein 26. plass og Ask Haughovd, Stårheim IL/Stryn vgs, til ein 29. plass.

I dag laurdag, 16. mars, er det sprint i junior-NM i Orkdal. NM for junior vert avslutta med  stafettar søndag.

Resultat Fellesstart i skiskyting junior-NM

Klasse kvinner 17år: 5. Gunn Kristi S. Tvinnereim, Hardbagg/ Stryn vgs, 26:22.7 (2+2+2+0). 24. Ingrid Heggen, Stårheim Stårheim IL/Stryn vgs, 30:08.4 (1+2+1+3). 25. 25 Maria Bertine Sleire Tistel. Vik IL/Stryn vgs, 30:19.3 (0+0+4+1). 33 løparar stilte til start i denne klassen.

Klasse kvinner 19 år: 28. Anne Marie Roset Markane IL/Stryn vgs, 29:30.7 (1+1+2+1). Det var 35 løparar i denne klassen.

Menn 17 år: 7. Jens-Henrik Hegg, Vik IL/Stryn vgs, 30:05.7 (0+0+1+1). 26. Bendik Vereide, Stårheim IL/Stryn vgs, 32:05.9 (2+1+4+2). 29. Ask Haughovd, Stårheim IL/Stryn vgs, 32:13.3 (2+1+0+0).  39. Oskar Guddal Breivik, Markane IL/Stryn vgs, 33:24.6 (4+3+3+1). Det var 57 deltakarar i denne klassen

Menn 18 år: 22. Martin Aaland. Hardbagg IL/Stryn vgs, 30:34.7 (1+3+2+0). 38 Magnus Midthjell Gjørven, Markane IL/Stryn vgs, 31:53.1 (3+1+2+1). 51. Torjus Engeset Woldsund,  Volda Turn og IL/Stryn vgs, 33:20.9 (1+1+3+2. 58. Magnus Iver Seljeset, Hornindal IL/Stryn vgs, 34:19.5 (1+3+2+3). Det var 71 deltakarar i denne klassen.

Menn 19 år: 30 Simon Hjelmeset Kirkeeide, Markane IL/Stryn vgs. 30:53.5 (5+1+3+1).

Menn 20-21 år: 29. Erlend Bakken, Markane IL Stryn vgs, 36:17.4 (2+0+1+0) stilte Aksel Mathias Meland, Markane, 50.  43. Vegard Skrede, Hardbagg IL/Team Glalaks, 38:24.5 (2+2+1+2). 50. Aksel Mathias Meland, Markane IL/Team Glalaks, 39:14.0 (3+1+0+1). 53. Isak Nikolai Hopland, Hardbagg IL, 39:26.1 (1+3+1+2).  55. Håkon Midthjell Gjørven, Markane IL/Stryn vgs, 40:33.7 (2+1+3+1). Det var 62 som stilte til start i denne klassen