Skiskyttar-VM

Stryn toppar medaljestatistikken

Johannes Thingnes Bø er inne i det beste meisterskapet sitt nokosinne og har saman med broren Tarjei sørgd for at gullbygda Stryn fortset å samle medaljar.

Tarjei Bø (t.v.) og Johannes Thingnes Bø etter normaldistanse for menn i VM Skiskyting 2019 i Østersund, Sverige. Tarjei Bø tok bronse.   Foto: Lise Åserud / NTB scanpix / NPK

Sport

Sidan storebror Tarjei slo igjennom for alvor i 2010 har det vorte medaljar til ein stryning i ni av ti meisterskap (OL og VM). No er det veslebror Johannes som er best, men også Tarjei Bø har lagt på medaljesamlinga med bronse frå normaldistansen.