Sondre Nor Midthjell tatt ut til talentleir

Frå 24. til 27. mars er gutar i alderen 14 og 15 år samla i Sarpsborg under Equinor Talentleir. Blant desse Sondre Nor Midthjell.

Sondre Nor Midthjell er blant spelarane som er tatt ut til Equinor sin Talentleir i Sarpsborg seinare i denne månaden.   Foto: Tormod Flatebø

Sport

Sondre er ein av totalt fire keeperar frå heile landet. Det er tatt ut totalt 51 gutar til samlinga.

–Dette første gongen spelarane fødde i 2005 er inne på eit nasjonalt tiltak, seier Håkon Grøttland, fagansvarleg for landslagsskulen.

– Målet med samlinga er først og fremst å gje spelarane inspirasjon og referansar som gjer at dei forhåpentlegvis jobbar endå betre i kvardagen.

Forsvarsspel

–Temaet for denne samling vil i all hovudsak vere forsvarsspel. Og dette trener vi på fordi vi vil spele minst mogeleg i forsvar når vi spelar med flagget på brystet. For å si det det enkelt: Jo betre vi er i forsvar, jo raskare vinn vi ballen og jo oftare får vi moglegheit til å angripe, seier Håkon Grøttland.