Tatt ut til Bama Young Star

I slutten av mars skal Kasper Mundal og Magnus Skeide Bakke delta på Bama Young Star i Holmenkollen.

Kasper Mundal (t.v.) og Magnus Skeide Bakke (t.h.) skal delta på Bama Young Star i Holmenkollen i mars. Her frå hovudlandsrennet på Oppdal, som var eitt av uttaksrenna.   Foto: Privat

Sport

Kasper Mundal (Stårheim IL) og Magnus Skeide Bakke (Eid IL) er tatt ut til å delta på Bama Young Star i Holmenkollen torsdag 21. mars.

Eitt av uttaksrenna var Hovudlandsrennet på Oppdal der Magnus vart nummer 8 på både normal og sprint distansen, medan Kasper gjekk inn til bronse på normal og vart nummer 11 på sprint. Dette rennet vart vurdert som NM for 15 og 16 åringar.

Bama Young Star

Young Star vart arranger første gong i Holmenkollen i 2005, og bakgrunnen for rennet var at Norges Skiskytterforbund ønska å arranger eit renn for 15 og 16 åringar i forbinding med World Cup som arrangerast i Holmenkollen. Dei siste åra har kvalifiseringa vore gjennom fleire uttaksrenn for å få eit mest rettferdig uttak.