5. plass under Hovudlandsrennet

Fleire skiløparar frå Eid IL og Stårheim IL er på Gålå for å delta på hovudlandsrennet denne helga.

Denne helga er det hovudlandsrenn på Gålå. Ein av dei lokale som deltek er Magnus Skeide Bakke. Her frå eit løp tidlegare i vinter.   Foto: Tormod Flatebø

Sport

Det er hovudlandsrenn på Gålå denne helga, og under skicross laurdag gjekk Magnus Skeide Bakke (Eid IL) inn til ein sterk 5. plass på tida 3:31 i klasse G16 år. I mål var han berre tre sekund bak vinnaren Adrian Rydningen (Nordreisa IL) som vann med tida 3:28.

Ingebrigt Nes Hjelle (Eid IL) gjekk i mål som nummer 47 i klasse G 15 år.

Sprint

Det var også klart for klassisk sprint laurdag. I klassa G 16 år vart Magnus Skeide Bakke nummer 104 og kom i mål på tida 02:44,23. Kasper Mundal (Stårheim IL) kom i mål på tida 02:59,71 og vart nummer 217. Robert Skog Kristiansen (Tromsø SK Langrenn) vann med tida 02:30,18.

Fristil

Fredag var det fristil som stod på programmet. Magnus Skeide Bakke vart nummer 34 i klassa G 16 år. Han gjekk i mål på tida 19:09,8 og var 01:35,6 bak vinnaren Thomas Linnebo Mollestad frå Oddersjaa SSK.

Ingebrigt Nes Hjelle kom på 91. plass i klassa G 15 år. Han kom i mål på 14:09,4 og var 01:42,2 bak vinnaren Daniel Aakervik frå Fet SK som vann med tida 12:27,1.