NC og NM i Skiskyting

Skiskytarane med gode resultat

Denne helga var det Norgescuprenn på Østre Toten i Karidalen. Dei lokale skiskytarane stod for gode resultat.

M17: Ask Haughovd frå Stårheim/Stryn vgs. vart nummer 21 på normalen fredag. Laurdag vart det ein 38.-plass på Ask. Bendik Vereide (Stårheim/Stryn.vgs) vart nummer 9 og nummer 19 på normalen og sprinten.  

Stårheim IL: Ingrid Heggen frå Stårheim IL gjekk inn til ein 22.-plass fredag og ein 23.-plass laurdag i klassa kvinner 17.  Foto: Privat

Sport

Bendik Vereide, som representerer Stårheim IL/Stryn vgs., gjekk inn til ein flott 9.-plass under NorgesCup (NC) og NM for junior i klassa M17 på normaldistansen fredag. Han kom i mål på 37:26.4, og var 2:07 bak vinnaren Emil Hage Streitlien som representerer Folldal IF/Team Toyota Slettum Bil. Bendik skaut fullt hus på dei tre første skytingane, før det vart tre bom på siste skyting.

Ask Haughovd frå Stårheim/Stryn vgs. gjekk i mål som nummer 21 i same klasse på tida 39:01.0 og var 3:41.6 bak vinnaren. Ask skaut to bom på første skyting, og ein på andre skyting. På dei to siste skytingane vart det fullt hus.

Ingrid Heggen frå Stårheim IL vart nummer 23 i klasse K17 med tida 39:31.3, og var 6:25.2 bak vinnaren i si klasse. Ho skaut til saman ni bom på fire skytingar.

Sprint

Laurdag var det klart for sprint og då vart det ein 19.-plass på Bendik. Han kom i mål på tida 20:57.3, og var 1:32.1 bak vinnaren. Bendik skaut fullt hus på første skyting og så vart det to bom på andre skyting. Ask Haughovd kom på 38.-plass med tida 22:05.9. Dette var 2:40.7 etter vinnaren. På skytinga vart det 1+1 bom.

Ingrid Heggen kom laurdag på 22.-plass med tida 22:39.9, 3:45.4 etter vinnaren. Denne dagen vart det 2+4 bom på skytinga. Gunn kristi Tvinnereim frå Hardbagg IL/Stryn vgs. vart beste frå Sogn og Fjordane med ein flott 4.-plass på sprinten. Ho skaut 2+2 bom på to skytingar, og kom i mål på tida 19:29.5, berre 0:35.1 bak vinnaren.

Stafett

Søndag var det klart for NM mix-stafett i Karidalen, og Sogn og Fjordane 1 kom på ein flott 11.-plass. Gunn Kristi Stensaker Tvinnereim, Magnus Midthjell Gjørven og Bendik Vereide gjekk på dette laget. Dei tre kom i mål på tida 59:22.5, og var 3:44.8 bak vinnaren Buskerud 1 i mål. Sogn og Fjordane 1 skaut bra med 0+0+0+1+0+1. Sogn og Fjordane stilte også med eit andrelag med dei tre skiskytarane Ingrid Heggen, Magnus Iver Seljeset og Torjus Engeset Woldsund. Sogn og Fjordane 2 kom på ein 28.-plass, med tida 1:05:12.3. Dette laget var 9:34.6 bak vinnaren i mål, med 0+1+2+0+0+2.