Skiskyting

Vart nummer 9 i junior-NM

Bendik Vereide gjekk i mål som nummer ni på normaldistansen fredag som vart arrangert på ØTS-skisenter Karidalen.

Bendik Vereide gjekk inn til 9.-plass på normaldistansen fredag. Her frå tidlegare i vinter då han konkurrerte på Ullsheim.   Foto: Tormod Flatebø

Sport

Bendik Vereide (Stårheim IL/Stryn vgs) gjekk inn til ein flott 9.-plass under NorgesCup og NM for junior i klassa M17 på normaldistansen fredag. Han kom i mål på 37:26.4, og var 2:07 bak vinnaren Emil Hage Streitlien som representerer Folldal IF/Team Toyota Slettum Bil. Bendik skaut skaut fullt hus på dei tre første skytingane, før det vart tre bom på siste skyting.

Ask Haughovd (Stårheim/Stryn vgs) gjekk i mål som nummer 21 i same klasse på tida 39:01.0 og var 3:41.6 bak vinnaren. Ask skaut to bom på første skyting, og ein på andre skyting. På dei to siste skytingane vart det fullt hus.

Ingrid Heggen frå Stårheim IL vart nummer 23 i klasse K17 med tida 39:31.3, og var 6:25.2 bak vinnaren i si klasse. Bom 2+1+3+3

Laurdag:

På sprinten laurdag vart det 19. plass på Bendik Vereide med tida 20:57.3, det var 1:32.1 etter vinnaren.  Bendik skaut fullt hus på første skyting og det vart to bom på andre skyting.

Ask Haughovd kom på 38.plass med tida 22:05.9. Dette er 2:40.7 etter vinnaren. På skytinga vart det 1+1 bom.

Ingrid Heggen kom laurdag på 22.plass med tida 22:39.9, 3:45.4 etter vinnaren. denne dagen vart det 2+4 bom på skytinga.