Junior-VM i Val Di Fassa

Fornøgd med VM-debuten

Andrine Mårstøl debuterte denne veka i junior-VM i Italia, og no håper ho det kjem endå fleire sjansar i VM i framtida.

Debuterte med 20.-plass: Andrine Mårstøl køyrde tysdag og onsdag junior-VM i Italia der alle dei beste juniorane i verda stilte til start. Tysdag vart det ein flott 20.-plass i storslalåm på alpinisten.  Foto: Privat

Det er veldig kjekt å ha hatt min debut i VM.

Sport

Andrine Mårstøl (Haugen) køyrde tysdag sitt første renn i junior VM i italienske Val Di Fassa. På startstreken stod dei beste juniorane frå heile verda. Etter første omgang låg Andrine på 17.-plass, og kom i mål på 57.49, 2.08 bak Meta Hrovat frå Slovakia som leia rennet etter første omgang. I andre omgang kom Andrine i mål på tida 1:00.80, og enda til slutt på ein god 20.-plass i storslalåmrennet. I mål var Andrine til saman 3.30 bak vinnaren av løpet Alice Robinson frå New Zealand. Andrine vart nest beste av dei norske alpinistane, berre slått av Kaja Norbye som køyrde inn til bronse.