Junior-VM

Andrine køyrde ut

Andrine Mårstøl køyrde ut i andre omgang under slalåmrennet i junior-VM onsdag.

Andrine Mårstøl køyrde slalåm onsdag i junior-VM.   Foto: Privat

Sport

Andrine Mårstøl (Haugen) er for tida i italienske Val Di Fassa der ho køyrer junior-VM. Tysdag køyrde ho inn til ein 20. plass i storslalåm, og var nest best av dei norske alpinistane. Onsdag var det slalåm som stod for tur, der 101 alpinistar stod på start. I første omgang køyrde Andrine inn til 55.60 og 35. plass, 4.27 bak Meta Hrovat frå Slovakia som leia etter første omgang. I andre omgang køyrde ho ut i nest siste port. Hrovat vann rennet, medan Kaja Norbye vart beste nordmann på 11. plass.